Nordhordland kompetanse:

"Eit samarbeid mellom skule og næringsliv i Nordhordland"




(Foto: Strilen)



Den regionale yrkes-

og utdanningsmessa 2009

Også i år vart den Regionale yrkes – og utdanningsmessa arrangert for 9. og 10.klassingar i Nordhordland arrangert 25. og 26.november i Nordhordlandshallen i Knarvik.
I år vart både fotballhallen og handballhallen brukt for å få plass til 62 stands som var påmeldt.


(Foto: Strilen)

Ny dato for Yrkes- og utdanningsmessa 2010 kjem...

Tradisjonen tru vart den  beste elevbedrifta frå ungdomsskulane i Nordhordland kåra. Fleire skular har elevbedrift på 9.trinnet. Årets vinnar vart ”Fonnes fisk” frå Lindås ungdomsskule som fekk ein sjekk på 3000 kr utdelt av Sparebanken Vest.

Messa er eit samarbeid mellom ungdomsskulane i regionen, Regionrådet Nordhordland IKS, Nordhordland Handverk - og Industrilag og Opplæringskontoret for Nordhordland.

Avgangselevane i ungdomsskulen står framfor vanskelege val når dei skal finna vegen vidare. For mange vil dette valet få avgjerande verknad for kva yrke dei får i framtida. Vi veit at feilvalsprosenten er høg, difor er trongen for god informasjon og rettleiing stor.

På messa deltek vidaregåande skular, opplæringskontor, bedrifter og kommunar i Nordhordland og delar av resten av fylket. For bedriftene og kommunane vil det vera nyttig å få kontakt med den framtidige arbeidskrafta.

Arrangementet er på kveldstid, noko som gjer at foreldra også kan delta. Messa er populær, difor var det om lag 2000 besøkjande i år også!