Nordhordland kompetanse:

"Eit samarbeid mellom skule og næringsliv i Nordhordland"
SISTE NYTT

Rådgjevarsamling på Fedje 5.mai
Rådgjevar samling på Fedje

Les meir...

Nordhordlandsmeisterskapen
(NM) i sveising

NM i sveising

Les meir...

.

Regional yrkes- og utdanningsmesse

Les mer...


 

Nytt tilbod innan transport og logistikk
på Knarvik vidaregåande skule

Hausten 2010 vert det truleg oppretta eit nytt tilbod innan transport og logistikk på Knarvik vidaregåande skule. Dette er eit utdanningsområde innan utdanningsprogrammet Service og samferdsel på Vg2 . Programområdet er eit kryssløp, difor kan elevar frå Vg 1 TIP og Vg1 Service og samferdsel søkja. Sjå www.vilbli.no for meir informasjon.


På bildet: Elevar frå Vg1 Service og samferdsel, framme til høgre personalsjef Ivar M. Wesetvik og bak kompetansekoordinator Vivian Kårbø.

I samband med det nye tilbodet har elevar frå TIP og Service og samferdsel vore på bedriftsbesøk hjå lokale logistikkbedrifter i Nordhordland. 10.februar gjekk turen til Nobina i Knarvik, Mongstadbase, Grieg Logistics, Statoil og Tolls Astrup for å få meir detaljert informasjon om logistikkfaget.
16.februar gjekk turen til Bring Logistics i Bergen. Her gav personalsjef Ivar M. Wesetvik ein grundig og god informasjon om logistikkfaget. Etterpå fekk elevane omvisning i alle avdelingane til Bring i Bergen - innland, utland, kaiområde, termoavdelinga, salsavdelinga og kundesenteret. Dei ansatte fortalde kva dei jobba med, og viste litt korleis jobbane vart utført.