Nordhordland kompetanse:

"Eit samarbeid mellom skule og næringsliv i Nordhordland"
SISTE NYTT

Osterøy-elev vann skulemeisterskap i CNC

Les meir...

Heilt konge i CNC
Se Nordhordland.no

Les meir, Nordhordland.no...

Rådgjevarsamling på Fedje 5.mai
Rådgjevar samling på Fedje

Les meir...

Nordhordlandsmeisterskapen
(NM) i sveising

NM i sveising

Les meir...

.

Regional yrkes- og utdanningsmesse

Les mer...


Årets YOU–messe vert arrangert
tysdag 22.november og onsdag 23.november

Den regionale Yrkes- og utdanningsmessa (YOU) 2010

Den Regionale yrkes – og utdanningsmessa for 9.klassingar, 10.klassingar og Vg1- elevar  i Nordhordland vart arrangert 24. og 25.november i Nordhordlandshallen i Knarvik.

you2010

I år som i fjor var 62 stands påmelde. Nytt av året var invitasjonen som gjekk ut til Vg1 – elevane i regionen. Vi håpar at ein del av dei fekk kontakt med opplæringskontor, kommunar og lokale bedrifter for eventuell framtidig læreplass.

”Årets  elevbedrift ” frå ungdomsskulane i Nordhordland vart kåra. Vinnaren vart Olav Bergsvik 9.klassing frå Årås skule med bedrifta Dompapen. Vinnaren mottok ein sjekk på 3000 kroner under kåringa torsdag.

vinnar
Olav Bergsvik, 9. klassing frå Årås skule

Messa er eit samarbeid mellom ungdomsskulane i regionen, Regionrådet Nordhordland IKS, Nordhordland Handverk - og Industrilag og Opplæringskontoret for Nordhordland.

Avgangselevane i ungdomsskulen og mange elevar på vidaregåande skule står framfor vanskelege val når dei skal finna vegen vidare. For mange vil dette valet få avgjerande verknad for kva yrke dei får i framtida. Vi veit at feilvalsprosenten er høg, difor er trongen for god informasjon og rettleiing stor.

På messa deltok vidaregåande skular, opplæringskontor, bedrifter og kommunar i Nordhordland og delar av resten av fylket. For bedriftene og kommunane vil det vera nyttig å få kontakt med den framtidige arbeidskrafta.

Arrangementet går over to kveldar, noko som gjer at foreldre også kan delta. Messa er populær, difor vart det over 2000 besøkjande i år også! Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei ulike stands på årets messe. Dette gjev oss inspirasjon til å gå i gang med ei ny messe i 2011 .