Nordhordland kompetanse:

"Eit samarbeid mellom skule og næringsliv i Nordhordland"
OM NORKOMP


Nordhordland Handverk-
og Industrilag

NHIL



Vivian Kårbø
(Foto: Linda Eide, Strilen)

01.08.08 starta Vivian Kårbø i
stillinga som kompetanse koordinator. Prosjektet er meint å gå over 3 år for deretter å verta permanent.

 


(Foto: Atle Vaage, Avisa Nordhordland)

Kompetanseprosjektet NORDHORDLAND KOMPETANSE  er eit initiativ frå  Nordhordland Handverk – og Industrilag (NHIL). Prosjektet har 2 delar:

Del 1:
Her er oppgåvene knytta opp mot dei nye faga ”Utdanningsval” i ungdomsskulen, og ”Prosjekt til fordjuping” i den vidaregåande skulen. Hovudhensikten er å gje elevane betre kunnskap om yrkesval, m.a gjennom målretta praksis. Dette må tilretteleggast og koordinerast.

Del 2:
Oppgåvene i del 2 tar utgangspunkt i kompetansekartlegging og tilbod av kurs til verksemdene slik at desse kan få auka sin kompetanse – Nordhordlandsmiljøet skal verta endå betre!

Finansiering

Del 1 er finansiert av Regionrådet i Nordhordland og Hordaland Fylkeskommune.
I tillegg er prosjektet støtta med 750 000 kroner frå Sparebanken Vest sitt allmennyttige fond, Visjon Vest.