Osterøy- elev vann skulemeisterskap i CNC
Torsdag 6.mai vann Michal Poniewaz frå Osterøy vidaregående skule finalen i CNC-maskinering for Vg2 – elevar i Nordhordland. Konkurransen var hjå Bergen CNC Maskinering AS, sjå www.bergencnc.no.
Vinnaren av den lokale meisterskapen vil kunne gå vidare til Yrkes-NM på Lillehammer i oktober der ca 30 ulike fag vil konkurrera.

Elevane som deltok i finalen:
Frå venstre: Michael Poniewaz (Osterøy vgs) ,Torbjørn Gjervaldstveit (Arna vgs) og Martin A. Gundersen (Knarvik vgs).
Eg er overraska, men svært glad for å ha vunne konkurransen. Dette inspirerer til vidare arbeidsinnsats, uttaler vinnaren Michal Poniewaz.
Vi synest det er hyggjeleg å stille opp med maskiner og fagkompetanse i ein slik konkurranse. Dessutan er vi heilt avhengig av å få tilgang på framtidig fagkompetanse på området. Slike konkurransar bidreg til å heve interessa for faget og forhåpentlegvis få ungdom til å sjå nytten av å ta ei fagutdanning innan CNC- faget, uttalar Geir Stokke dagleg leiar i Bergen CNC Maskinering.
Kandidatane frå alle dei tre skulane heldt eit høgt nivå i følgje dommarane. Dei håper samstundes at denne konkurransen får fleire skuler til å melda seg på neste år. I år deltok elevar frå Arna, Knarvik og Osterøy vidaregåande skular.
Vi ser på desse konkurransane som svært viktige. Dei fører til entusiasme og kvalitetsfokus hos elevane. Det bidreg til yrkesstoltheit tidleg i utdanninga og bidreg m.a. til å bekjempe fråfall, seier Vivian Kårbø, kompetansekoordinator i Nordhordland Handverk – og Industrilag.
Dei lokale arrangørane var: Nordhordland Handverk - og Industrilag (NHIL) og Osterøy Industrilag i samarbeid med dei vidaregåande skulane. Bergen CNC stilte maskiner og fagkompetanse til disposisjon for gjennomføring av konkurransen.
Kva er CNC- maskinering? CNC- maskineringsfaget skal leggja grunnlag for yrkesutøving i datastyring av maskiner for produksjon av mekaniske delar og komponentar. CNC er ei forkorting for Computer Numerical Control, og betyr datastyring og kontroll av bevegelsar med fart, posisjon, retning og tilstandssensorar på maskiner. Nasjonal og internasjonal industri set høge krav til kvalitet, standardisering, prosedyrer, kontroll og dokumentasjon. CNC- maskineringsfaget skal medverke til å utvikle fagkompetansen som tilfredsstiller slike krav.
Fakta om WorldSkills Norge finner du på www.worldskills.no

Vinnaren: Michael Poniewaz frå Osterøy vgs
Medieomtale om finalen hjå MPM på Frekhaug for TAF –elevar/lærlingar
Sjå også www.mpm.no
- Nordhordland Avis: http://www.nordhordland.no/nyhende/article5092076.ece
- Nett TV: http://www.tvnordhordland.no/?ref=nh&node=363&ap=1
|